aqkva

Aqkva Konferansen

17 January, Bergen
Aqkva-konferansen starta som ein konferanse retta mot oppdrett av marine artar – først og framst torsk, og vart arrangert første gong på Stord hotell i 2004. Dei første åra låg deltakar- talet på rundt 70- 80, men har gradvis auka år for år.

Etter kvart som torskenæringa si betydning vart redusert, vart fokuset på konferansen dreid over på laks.

Konferansen har i alle år hatt fokus på å vera ein god møtestad for folk frå ulike delar av næringa, og har og lukkast i å laga ein møtestad mellom leverandørindustri og kundar. I tillegg har me lagt vekt på å samla flest mogeleg av konferansedeltakarane til ein flott 3-rettars festmiddag med god underhaldning. Her har me fått hjelp av bl. a. Per Inge Torkelsen, Frode Aga, Bjørn Jensen, Christine Hope og Rune Andersen for å nemne nokre..

Konferansen har i løpet av desse åra vakse til å bli landets største havbrukskonferanse.


​Mer info...