aqkva%20square

Aqkva Konferansen

18 January, 2018 in Bergen
Vestlandets største havbrukskonferanse! Møt representantar frå heile næringa: oppdrettarar, forskning, forvaltning og leverandørindustri.

Aqkva-konferansen starta som ein konferanse retta mot oppdrett av marine artar – først og framst torsk, og vart arrangert første gong på Stord hotell i 2004. Dei første åra låg deltakar- talet på rundt 70- 80, men har gradvis auka år for år.

Etter kvart som torskenæringa si betydning vart redusert, vart fokuset på konferansen dreid over på laks.

Konferansen har i alle år hatt fokus på å vera ein god møtestad for folk frå ulike delar av næringa, og har og lukkast i å laga ein møtestad mellom leverandørindustri og kundar. I tillegg har me lagt vekt på å samla flest mogeleg av konferansedeltakarane til ein flott 3-rettars festmiddag med god underhaldning. Her har me fått hjelp av bl. a. Per Inge Torkelsen, Frode Aga, Bjørn Jensen og Rune Andersen for å nemne nokre..

Konferansen har i løpet av desse åra vakse til å bli Vestlandets største regionale havbrukskonferanse. Dei siste åra har deltartalet vore rundt 350 konferansedeltakarar.


​Mer informasjon...